
Senior vegplanleggar
Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.
På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.
Planlegging- og utbyggingsseksjonen (PU) har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Seksjonen dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet; planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og utbygging/byggherre.
Vi søker no etter ein dyktig og engasjert vegplanleggar som kan styrke seksjonen vår. Kontorstad er Bergen eller Leikanger.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging av vegprosjekt etter plan og bygningslova. Også planleggingsleiing kan bli lagt til stillinga.
- Planlegging av vegar, gater og tunnelar.
- Utarbeiding av modellar og teikningar i planfase samt kvalitetssikring og oppfølging av konsulent.
- Oppgåvene kan variere frå mindre kollektivtiltak, kompliserte byprosjekt til større strekningsvise vegprosjekt.
Hos oss kan du forvente
Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad.
Eit sterkt og inkluderande fagmiljø.
Gode vilkår for fagleg utvikling.
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi gjere fråvik i kravet til kvalifikasjonar.
- Det er krav om erfaring frå planlegging og dimensjonering av veganlegg.
- Krav om relevant IKT-kompetanse i bl.a. AutoCAD, Novapoint og 3D-verktøy.
- Du bør ha erfaring med modellbasert planlegging/prosjektering.
- Det er ønskelge med BIM-kompetanse.
- Du må ha førarkort klasse B. I særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne på eit av dei skandinaviske språka
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidseigenskapar og evne til å formidle kunnskap/overføre kompetanse.
- Initiativrik og evne til å arbeide sjølvstendig.
- Resultatorientert.
- Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø.
Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar planlegging Wilhelm Lund på telefon; 91623608
Anna informasjon
Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod om stilling.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Merkja við auglýsingu
Þú þarft að skrá þig inn til að vista þessa auglýsingu
Sækja um starf
Til að sækja um þetta starf, vinsamlega farðu á 4170735478.webcruiter.no.